Brukarspråk

This page is a translated version of the page User language and the translation is 91% complete.
Outdated translations are marked like this.
Wikimedia Meta-Wiki

Participate:

Boksar for brukarspråk listar opp språka ein Wikimedia-bidragsytar er komfortabel med å kommunisera på, og kor gode dei reiknar seg for å vere. Dette betrar kommunikasjonen i det mangfoldige mangfaldige Wikimedia-fellesskapet, både direkte og ved å hjelpa til å finna folk som kan omsetja.

Bruk

Babel-brukarinformasjon
ru-N Русскийродной язык этого участника.
en-5 This user has professional knowledge of English.
fr-1 Cet utilisateur dispose de connaissances de base en français.
Brukarar etter språk

Du kan leggja til brukarinformasjon på brukarsida di ved å setja inn slik kode:

{{#babel:ru-N|en-5|fr-1}}

Dette resulterer i boksane du ser til høgre. Du kan leggja til så mange språk du vil, på forma språkkode-dugleiksnivå.

Språkkode
Utvidinga kjenner igjen standard språkkodar frå ISO 639-1, -2 og -3. Du kan finna språket ditt ved å søkja i lista over ISO 639-1-kodar eller ein database over ISO 639-1, -2 og -3-kodar.
Dugleik
Dugleiksnivået skildrar kor bra du kan kommunisera på det språket. Den vert angjeve med eit tal eller teikn frå Dugleik-kolonnen i tabellen nedanfor:
Dugleik Tyding
0 Du forstår ikkje språket i det heile.
1 Du kan forstå skriftleg material eller enkle spørsmål.
2 Du kan redigera enkle tekstar og delta i grunnleggjande diskusjonar.
3 Du kan skriva dette språket med nokre mindre feil.
4 Du kan snakka på same nivå som ein morsmålsbrukar (sjølv om det ikkje er morsmålet ditt).
5 Du har profesjonell kjennskap til språket; du forstår nyansane i språket godt nok til å omsetja avanserte dokument.
N Du har språket som morsmål, og har difor ei grundig forståing av det, inkludert uttrykk og slang.
ru-N Русскийродной язык этого участника.
en-5 This user has professional knowledge of English.
fr-1 Cet utilisateur dispose de connaissances de base en français.

For å fjerna toppen og botnen, bruk plain=1 som fyrste parameter, dvs. {{#babel:plain=1|sv-N|zh-3|de-1}}. Dette gjer det enklare å bruka denne saman med andre brukarboksar.

{{#babel:plain=1|ru-N|en-5|fr-1}}

Sjå òg