Fundraising 2012/Translation/MikeC Appeal

This page is a translated version of the page Fundraising 2012/Translation/MikeC Appeal and the translation is 100% complete.

1

Da eg var gut, tok eg til å kjøpe bøker om flugefiske. No har eg ei samling på meir enn 600 bind. Eg har fiska med fluge mange stader rundt på jorda. Nokre finn nok at dette er i overkant sært, men eg elskar det.

Etter å ha tenestegjort i USAF (flyvåpenet i USA) i 28 år – og reist mykje omkring – pensjonerte eg meg og slo meg ned i Montana, der eg kan dra på turar og fiske alt eg måtte ønskje. Og når eg ikkje er ute i det fri, skriv eg om det på Wikipedia.

Det er ingen som betaler meg for det. Eg gjør det av di eg trur på målet til Wikipedia: Å gjere summen av all kunnskap menneska har, tilgjengeleg for alle på jorda. Gratis.

Wikipedia driv utan profitt, og eg meiner det er einaste vegen å gå. Der er ingen aksjonærar ein skal gjere inntrykk på, ingen bankkonti som skal fyllast. Wikipedia kan difor halde seg til formålet og prinsippa. Og difor gjer eg litt kvart år for at det skal halde fram.

I år vonar eg at du også vert med på å hjelpe Wikipedia.

Bio

Mike Cline vaks opp sør i California. Han verva seg til flyvåpenet under Vietnamkrigen og tenestegjorde i 28 år. Han var oberstløytnant da han vart pensjonist i 1996. Han bur no i Montana og jobbar som strategikonsulent. På Wikipedia skriv han om geografien, naturhistoria og nasjonalparkane i Montana. - Og sjølvsagt om flugefiske, der han nyttar dei 600 binda som referansemateriale.