Fund drives/2005/Q4 planning/Translations/Fundraising drive letter - nn

(ang) (ar) (ast) (bg) (br) (ca) (cs) (cy) (da) (de) (en) (el) (eo) (es) (et) (fi) (fr) (gl) (hu) (he) (ia) (id) (it) (ja) (ko) (ml) (nap) (nl) (nn) (pl) (pt) (ro) (ru) (sc) (sk) (sl) (sh) (sr) (su) (sv) (th) (tr) (vi) (ua) (wa) (zh) edit


Kunnskap er makt. Hjelp til med å behalde den fri!

Stiftinga Wikimedia, og dei titusenvis av frivillige som bidreg til projektet med tida og kunnskapen sin, trur på at kunnskap er makt og at kunnskap burde, og må, vere fri.

Generøse bidrag frå personar som deg har gjort det mogeleg for Wikipedia å bli den største ensyklopedien i menneska si historie. For berre nokre år sidan var ikkje wikipedia.org ein gong blant dei 10&bsp;000 største websidene – idag er den blant dei 30 største med over 2,5 milliardar sidevisingar i førre månad. Mindre enn ein halv eller ein prosent av internettbrukarane brukte Wikipedia på ein gjeven dag på denne tida i fjor. I år har dette talet nesten vorte firedobla og vi ventar ei liknande utvikling neste år. Med di hjelp kjem titals millionar fleire menneske til å nytte Wikipedia og systerprosjekta neste år.

For å kunne møte krava frå ein eksponensielt veksande lesarkrins har budsjettet vårt økt frå 15 000 USD i år 2003 og 125 000 USD i år 2004 til årets budsjett på over 700 000 USD. Kommande år forventar stiftinga å omsette millionar av dollar for å kunne møta dei aukande krava, utvikle programvaren vår og kvalitetsforbetrande metodar samt å halde fram arbeidet mot målet: Fri kunskap til alle. Det kan høyrest overveldande ut, men det gjorde det også med å skape verdas største ensyklopedi på mindre enn fem år. Med di hjelp er det mogleg.

Wikipedia og systerprojekta eksisterer berre på grunn av bidrag; bidrag i form av anstrengingar for å betre innhaldet og donasjonar til verksemda sine kostnadar. Akkurat som mange små redigeringar byggjer innhaldet, hjelper kvar donasjon til å gjere det tilgjengeleg. Den gjenomsnittlege storleiken på donasjonane er omkring 20 USD. Kvar liten del gjer nytte.

Vi vender oss til deg og ber deg hjelpe til med å gjere dette til verkelegheit. Det er donasjonane som gjer det mogeleg for prosjektet å halde fram med å vekse og verte forbetra. Donasjonar til stiftinga Wikimedia (The Wikimedia Foundation) kan skje i valfri valuta og gjev skattefrådrag i USA. I Tyskland og Frankrike gjev donasjonar til dei lokale stiftingane (Wikimedia Deutschland respektive Wikimedia France) også skattefrådrag. Sjølv om donasjonar til dei lokale avdelingane ikkje vert brukt av The Wikimedia Foundation, hjelper dei oss til å nå dei endelege måla.

Tida er inne for å spre fri kunnkap ut i verda.

Takk for din generøsitet!

Helsing

Jimmy Wales, Florence Devouard, Angela Beesley och resten av Wikimedia.