Fundraising 2009/appeal/nn


Ein appell frå grunnleggjaren av Wikipedia, Jimmy Wales edit

I dag ber eg deg om å gje ei gåve for å støtta Wikipedia.

Eg starta Wikipedia i 2001, og gjennom dei siste åtte åra, har eg vorte både forundra over og audmjuk av å sjå at hundretusenvis av frivillige har arbeidd i felleskap og saman har klart å byggja det største oppslagsverket i historia.

Wikipedia er ikkje ein kommersiell nettstad. Det er skapt av ein fellesskap, og vert i sin heilskap skrive og finansiert av menneske som deg. Over 340 millionar menneske nyttar Wikipedia kvar månad – nesten ein tridel av alle i verda som har Internett-tilgang. Du er ein del av dette nettsamfunnet.

Eg trur på oss. Eg trur at Wikipedia vert betre og betre. Det er det som er grunnideen. Ein person skriv noko, nokon forbetrar det litt, og med tida vert det betre. Viss du synest det er nyttig i dag, tenk kor mykje me kan oppnå saman i løpet av 5, 10 eller 20 år.

Wikipedia handlar om den makta vanlege menneske som oss har til å gjera ting utanom det vanlege. Menneske som oss skriv Wikipedia, ord for ord. Menneske som oss finansierer det. Det er eit prov på at me saman kan vera med på å forandra verda.

Det er naudsynt å verna om den staden der dette viktige arbeidet skjer. Me må verna om Wikipedia. Me ønskjer å halda Wikipedia gratis og fri for reklame. Me ønskjer å halda Wikipedia open, slik at du kan nytta informasjonen frå Wikipedia akkurat som du måtte ønskja. Me ønskjer at Wikipedia skal veksa, slik at kunnskapen kan spreia seg overalt, og slik at alle kan vera med på å bidra.

Wikimedia-stiftinga er ein ideell organisasjon som eg starta i 2003 for å driva og verna om Wikipedia, og for å oppmoda til at veksten i oppslagsverket held fram. For ti millionar dollar i året og med færre enn 35 tilsette, er ho ansvarleg for den femte mest brukte nettstaden i verda. Eg ber om di hjelp, slik at me kan halda fram arbeidet vårt.

Tenk deg ei verd der kvart einaste menneske har fri tilgang til all menneskeleg kunnskap. Det er dit me skal. Og med di hjelp, kjem me oss dit.

Takk for at du brukar Wikipedia – du er ein del av denne historia. Ver venleg og gje bidraget ditt i dag.

Jimmy Wales

Grunnleggjar av Wikipedia