Fundraising 2008/appeal/nn

Ein appell frå grunnleggjaren av Wikipedia, Jimmy Wales edit

Kjære lesar

I dag ber eg deg om å støtte Wikipedia med ei pengegåve. Dette kan verke litt merkeleg, for kvifor ber ein av dei fem mest populære nettstadene i verda om pengestøtte frå brukarane?

Wikipedia er bygd opp på ein annan måte enn dei fleste andre 50 mest besøkte nettstadene. Vi har ein svært liten betalt stab, berre 23 personar. Innhaldet på Wikipedia kan fritt brukast av alle, og til alle formål. Dei årlege utgiftene våre er mindre enn seks millionar amerikanske dollar (om lag 40 millionar norske kroner). Wikipedia er driven av den ideelle organisasjonen Wikimedia Foundation, som eg stifta i 2003.

Dei viktigaste for Wikipedia er det globale samfunnet på meir enn 150 000 frivillige – alle arbeider med å dele kunnskap fritt. I nesten åtte år har desse frivillige bidrege til meir enn 11 millionar artiklar på 265 ulike språk. Meir enn 275 millionar menneske besøkjer nettstadene våre kvar månad for å finne informasjon, gratis og utan reklame.

Men Wikipedia er meir enn ein nettstad. Vi deler ein felles visjon: Tenk deg ei verd der kvart einaste menneske har fri tilgang til all kunnskap. Det er det vi arbeider for å få til.

Ei pengegåve frå deg vil hjelpe oss på fleire måtar. Det viktigaste er at ho vil hjelpe oss å dekkje inn den aukande kostnaden av nettrafikken frå heile verda til ein av dei mest populære nettstadene på Internett. Ho vil òg hjelpe oss til å betre programvaren som vert brukt til Wikipedia, til å gjere det enklare å søkje, enklare å lese og enklare å skrive. Visjonen vår er at rørsla for fri kunnskap skal vekse over heile verda. Ved å rekruttere nye frivillige, og ved å få til strategiske samarbeidsavtalar med kultur- og læreinstitusjonar.

Wikipedia er annleis. Det er det største oppslagsverket i verdshistoria, og er skrive av frivillige. På same måten som nasjonalparkar og skular, meiner vi at reklame ikkje høyrer heime på Wikipedia. Vi ønskjer at det framleis skal vere fritt og sterkt, men vi treng hjelp av dykk der ute, som deg.

Eg inviterer deg til å bli med: Ei pengegåve frå deg vil gjere til at vi framleis kan halde Wikipedia fritt og gratis for heile verda.

Tusen takk

Jimmy Wales

GJE NO »

Lær meir edit

Sitenotice edit

Les gjerne «Ein appell frå grunnleggjaren av Wikipedia, Jimmy Wales»


Lær meir