Fundraising 2011/Brandon Letter/nn

Translation instructions
  • For pages marked "Missing" or "In progress", click the page title and start translating. When you are done, click "edit status" and change the status to proofreading.
  • For pages marked "Needs updating", compare the page to the source page and update the translation accordingly. When you are done, click "edit status" and change the status to proofreading.
  • It is important to have someone else proofread the translated page! If you have proofread a page and it is ready for publication, click "edit status" and change that page's status to ready.
  • If you are changing something that has already been published, change its status back to ready for it to be published again.

If you have any questions or feedback regarding the translation process, please post them here. Translation FAQ

Eg føler som om eg lever i første setninga av nekrologen min.

Eg trur ikkje at noko anna eg gjer i livet mitt vil bli så viktig som det eg no gjer for Wikipedia. Me byggjer ikkje berre eit oppslagsverk, me arbeider for å gjera menneske frie. Når me har tilgang på fri kunnskap, blir me betre menneske. Me forstår at verda er større enn oss, og me blir smitta av toleranse og forståing.

Wikipedia er den femte mest vitja nettstaden i verda. Eg arbeider for den vesle veldedige organisasjonen som held han på nettet. Me nyttar ikkje reklame fordi me då måtte ofra sjølvstendet vårt. Nettstaden er ikkje, og må aldri bli, eit propagandaverktøy.

Vårt arbeid er berre mogleg takka vere gåver frå lesarane. Vil du hjelpa Wikipedia gjennom å gje 50, 100, 200 kroner eller det du har råd til?

Eg arbeider for Wikimedia Foundation fordi heile sjela mi fortel meg at det er det rette å gjera. Eg har arbeidd for store teknologiverksemder der eg gjorde ein eller annan jobb for å laga ein eller annan tulleting som skulle stela pengar frå ein eller annan ungdom som ikkje visste det. Eg kom heim frå arbeid heilt knust.

Du veit det kanskje ikkje, men Wikimedia Foundation har ein svært liten stab. Dei fleste andre topp ti-nettstadene har titusenvis av tilsette og veldige budsjett. Men dei produserer berre ein brøkdel av det me gjer med penn og papir.

Når du gjev ei gåve til Wikipedia, støttar du fri kunnskap over heile verda. Du legg ikkje berre att ein arv til dine born og deira born etter dei, men du hjelper menneske over heile verda som har tilgang til denne skatten. Du sikrar at ein dag vil alle andre ha tilgang òg.

På førehand takk,

Brandon Harris
Programmerar, Wikimedia Foundation