Skanwiki/Vekas artikkel/Veke 9, 2006
Stortinget er den lovgjevande forsamlinga i Noreg. Tinget har 169 representantar som sit i to avdelingar, Odelstinget og Lagtinget.
Dagens stortingsbygg på Karl Johans gate er teikna av arkitekt Emil Victor Langlet. Det blei innvigd 5. mars 1866, etter ei byggetid på nærare fem og eit halvt år. Frå 1814 og fram til 1854 haldt Stortinget til i lokala til Oslo katedralskole på hjørnet av Prinsens gate og Dronningens gate i Oslo. Frå 1854 til 1866 blei stortingsmøta haldne i Gamle festsal på Universitetet i Oslo. Les meir…