Skanwiki/Vekas artikkel/Veke 20, 2007

Hardangerbunad

Bunad (frå kledebunad, der norrønt «búnaðr» har same rot som (føre)bu) er ei samnemning brukt om klesdrakter i tradisjonell nordisk stil — ofte utvikla frå folkedrakter, men likevel i ein eigen tradisjon. Ein bunad er typisk ei forseggjort og kostbar drakt, med broderi og handsmidde smykke i gull eller sølv. Bunad og bunadbruk er eit debattemne med mange ulike oppfattingar, til dømes om kva som er ein bunad, og om ein kan endra på utforminga av draktene eller ikkje.

Den norske bunadrørsla går tilbake til folkedansrørsla og føregangsfolk som Hulda Garborg og Klara Semb. I dag blir bunad brukt som nasjonaldrakt. Festbunad er likestilt med gallaantrekk, og ofte nytta ved særskilde høve, som konfirmasjonar eller den norske nasjonaldagen 17. mai. Ein mindre forseggjort bunad som kan nyttast til kvardags, vert kalla kvardagsbunad. Les meir…