Wikimedia Norge/Newsletter/2020-10

This page is a translated version of the page Wikimedia Norge/Newsletter/2020-10 and the translation is 100% complete.


Hei, Wikimedia Noreg-medlemmar og andre bidragsytarar.

Wikimedia Noreg
Wikimedia Noreg

Her er eit oversyn over nokon av Wikimedia Noreg sine aktivitetar dei neste vekene:

Virtuelt wikitreff
Det neste virtuelle wikitreffet blir onsdag 29. oktober. Denne gongen er temaet infoboksar. Møtet vil som vanleg finne stad på Google Meet frå kl. 17.00, https://wikitreff.wikimedia.no/. Ein treng ikkje Google-innlogging for å delta, og det er heller ikkje noko krav om at ein må bruke mikrofon eller kamera. Alle er velkomne til å delta, og vi minnar om Wikimedia Noreg sine retningsliner for inkluderande møte. Vel møtt!
WikiGap
På dagtid 19. november blir det eit lite arrangement hjå den svenske ambassaden i Oslo. WikiGap handlar om å utjamne kjønnsubalansen på Wikipedia. På arrangementet vårt vil vi markere at det er 20 år sidan Tryggingsrådet i SN sin resolusjon 1325 ble vedteken. På grunn av smittevern kan vi berre ha nokre få deltakarar. Send ein epost til kontakt@wikimedia.no viss du vil delta!
Wikistipend
Neste søknadsfrist er 20. november. Alle bidragsytarar til dei ulike Wikimedia-prosjekta kan søke om stipend. Maks søkesum er kr 8 000. Stipendet skal brukast til å gjennomføre aktivitetar som stør opp om eitt eller fleire av Wikimedia-prosjekta.
Wikipedia-biblioteket
22. november blir tilgangane til Retriever delt ut på nytt til aktive wikipedianarar. Tilgang til samiske aviser for bidragsytarar på nordsamisk Wikipedia delast òg ut same dato.
Giellavahkku, samisk språkveke
Denne veka blir samisk språkveke arrangert over heile landet. Vi markerer ho ved å lansere eit samarbeid med Nasjonalbiblioteket og Giellatekno ved UiT Noregs arktiske universitet om stadnamn. Vi har skrive om det på bloggen vår!

Har du hugsa å betale medlemsavgift for 2020? Du kan registrere deg som enno medlem på denne sida.

Dette nyhendebrevet blir posta av ein bot. Gje tilbakemelding • Abonner eller avslutt abonnement