Wikimedia Norge/Newsletter/2020-04

This page is a translated version of the page Wikimedia Norge/Newsletter/2020-04 and the translation is 100% complete.


Hei, Wikimedia Noreg-medlemmar og andre bidragsytarar.

Wikimedia Noreg
Wikimedia Noreg
Virtuelt wikitreff 29.4. kl. 17–18
Jon Harald Søby frå Wikimedia Noreg vil forklare korleis ein kan hjelpe til med å setje om MediaWiki og anna programvare på Translatewiki.net. Ein kan bli med på treffet ved å nytte same lenke som ved førre wikitreff, nemleg https://meet.google.com/ooj-hpyk-hmp, anten via datamaskin eller smarttelefon. Ein treng ikkje ein Google-konto for å bli med. Alle er velkomne til å delta, og vi minnar om Wikimedia Noreg sine retningsliner for inkluderande møte. Det neste treffet etter dette blir 27. mai. Vi har no lagt inn ei side for varsling ved wikitreff, så du kan få varsel direkte på favorittwikien din når nye wikitreff blir kunngjorte. Lenka for å legge seg til der er på toppen av wikitreffsida.
Wikistipend
Neste søknadsfrist er 22. mai. Alle bidragsytarar til dei ulike Wikimedia-prosjekta kan søke om stipend. Maks søkesum er kr. 8 000,-. Stipenden skal nyttast til å gjennomføre aktivitetar som stør opp om eitt eller fleire av Wikimedia-prosjekta.
Wikipedia-biblioteket
22. mai vert tilgangar til Retriever fordelte på nytt til aktive wikipedianarar. Tilgang til samiske aviser for bidragsytarar på nordsamisk Wikipedia blir òg fordelt for første gang 22. mai.
Månedens konkurranse
I juni er Iran temae for månedens konkurranse. Parallelt blir det ein konkurranse om Noreg på persisk Wikipedia som iranske wikipedianarar arrangerar.

Dei som er interesserte i den pågåande rebranding-prosessen kan ta ein titt på brandingwikipedia.org for oppdateringar.

Har du gløymt å betala medlemsavgift for 2020? Då kan du registrera deg som enno medlem på denne sida.

Dette nyhendebrevet vert posta av ein bot. Gje tilbakemelding • Abonner eller avslutt abonnement