Wikimedia Norge/Newsletter/2019-05/nn

This page is a translated version of the page Wikimedia Norge/Newsletter/2019-05 and the translation is 100% complete.
Other languages:


Wikimedia Noreg

Hei, Wikimedia Noreg-medlemmar og andre bidragsytarar, her kjem eit oversyn over arrangemanta til våren i regi av Wikimedia Noreg.

Wikipedia-skriveverkstad i Trondheim
Litteratur for inkludering inviterer til Wikipedia-skriveverkstad på Litteraturhuset i Trondheim i samarbeid med Wikimedia Noreg 14. mai. Arrangementet er gratis og ope for alle. Velkomen! Facebook-hending
Reisestipend til Wikimania
Den årlege konferansen Wikimania, som er for alle som er interesserte i wiki-prosjekta, vert halde i Stockholm 14.–18. augast. Wikimedia Noreg tilbyr reisestipend på kr. 3000,- til frivillige som ynskjer å dra. Du kan søkja om reisestipend innan 15. mai på denne sida.
Fordeling av tilgangar til Retriever
Kvart halvår deler Wikimedia Noreg ut 6 tilgangar til Retriever blant aktive bidragsytarar på Wikipedia. Viss du er interessert i ein tilgang kan du setja deg opp på lista over interesserte på denne sida innan 20. mai.
Wikitreff i Oslo
23. mai er neste wikitreff på Litteraturhuset. Wikimedia Noreg har invitert faktisk.no til wikitreff på Litteraturhuset for å snakka om faktasjekking, men òg for å spørja om kva ein faktasjekkar tenkjer om Wikipedia som prosjekt. Arrangementet er gratis og ope for alle. Velkomen! Facebook-hending. Påmeldingsside på Wikipedia

Tilsette og frivillige frå Wikimedia Noreg kjem til å vera tilstades på Oslo Freedom Forum (27.–28. mai), Celtic Knot-konferansen i Cornwall (4.–5. juli), Riddu Riđđu (10.–14. juli) og Márkomeannu (25.–28. juli). Ta gjerne kontakt med oss om du òg skal nokon av desse stadane!

2019 er året for urfolkspråk, og Wikimedia Noreg har fått 140 000 i støtte frå UNESCO Noreg til arbeidet vårt med samisk kunnskap på nett.

Har du gløymt å betala medlemsavgift for 2019? Då kan du registrera deg som framleis medlem på denne sida.

Følg oss gjerne på Facebook, Instagram og Twitter!

Dette nyhendebrevet vert posta av ein bot. Gje tilbakemelding • Abonner eller avslutt abonnement