Wikimedia Norge/Newsletter/2021-10

This page is a translated version of the page Wikimedia Norge/Newsletter/2021-10 and the translation is 100% complete.


Hei, her kjem siste nytt frå Wikimedia Noreg!

Wikimedia Noreg
Wikimedia Noreg
Wikipedia på bokmål nærmar seg 20 år!
Wikipedia på bokmål fyller 20 år 26. november, og det vert markert på wikitreffet 1. desember. Det vert digitalt wikitreff med kviss og god stemning. Vil du motta ei 20-års-t-skjorte? Send adresse og storleik (S–XL) til wikimedia@wikimedia.no!
Her finn du meir informasjon om wikitreffet.
Giellavahkku og samisk arbeid
Kanskje har du stussa litt over at det har vore så mykje samisk over alt i sosiale medium i det siste? Årsaka er samisk språkveke, Giellavahkku, som har som føremål å synleggjera samiske språk. Samisk språk, kultur og historie er ein viktig del av kunnskapsmangfaldet. Vi har samla alt arbeidet vi gjer med samiske språk i denne bloggposten.
Lappekodisillen kom heim denne månaden, og er no lagra i Samisk arkiv i Kautokeino, etter ein lengre prosess. Lappekodisillen er enno eit gjeldande regelverk for grensene i nord. Den vert òg snart tilgjengelig i digital form på Wikimedia Commons.
Skeivt kulturår 2022
Gjennom heile 2022 vert skeivt kulturår markert. I det høvet har vi lasta opp 139 livsminneintervju frå Skeivt Arkiv til Wikimedia Commons. Vi har fleire prosjekt under planlegging til neste år.
– Det at skeive sine røynsler, historie og kultur ikkje vert representert på nett, er ein kvit flekk i vår felles historie, seier Heidi Rohde Rafto, fungerande fagleg leiar i Skeivt arkiv. Ho legg at til skeiv historie ikkje berre er historia til homofile, lesbiske, bifile, tranpersonar, interkjønn og andre skeive – men det er òg historia til samfunnet som heilskap.
Ved å engasjera oss i skeivt kulturår håpar vi å fylla inn desse kvite flekkene i den felles historia vår. Og vi gjer dette frå eit mangfaldsperspektiv – det handlar ikkje berre om kjønn og seksualitet, men annleisskap og dei menneska som har stått på for endring.
Language Diversity Hub
Kunnskapsmangfald gjeld ikkje berre i Noreg – gjennom internasjonalt samarbeid håpar vi å etablera ein samlingsplass for alle som arbeider med urfolks- og underrepresenterte språk. I dette prosjektet har vi med oss fleire som var med på Arctic Knot-konferansen i sommar. Du kan lesa meir om det på denne sida.
Retriever
Det er snart tid for ny utdeling av Retriever-tilgjenge. Frå 15. november kan du setja deg opp på lista. Det vert sendt ut ei påminning på Torget og Samfunnshuset når den opnar.
Wikimedia Sverige har fått ei god avtale med Retriever i Sverige. Dei har mange tilgjenge, og vil gjerne dela dem med friviljuge i Noreg òg. Det er berre svensk media som er tilgjengelege i den ordninga. Skriv dykk opp på denne lista på svensk Wikipedia om de er interessert i svensk Retriever.
Wikistipend
No har samfunnet opna opp att, og det er moglegheiter for å reise og treffe folk igjen! Det er mange aktivitetar ein kan søke om wikistipend til. Alle bidragsytarar til dei ulike Wikimedia-prosjekta kan søke om eit stipend. Maks søkesum er kr. 8 000,-. Stipendet skal nyttast til å gjennomføre aktivitetar som stør opp om eitt eller fleire av Wikimedia-prosjekta, og søknadsfristen er 20. november.

Har du allereie betalt medlemsavgifta for 2021? Viss ikkje kan du registrere deg som enno medlem på denne sida.

Dette nyhendebrevet vert posta av ein bot. Gje tilbakemelding • Abonner eller avslutt abonnement