Wikimedia Norge/Newsletter/2018-08/nn

This page is a translated version of the page Wikimedia Norge/Newsletter/2018-08 and the translation is 100% complete.


Hei, Wikimedia Noreg-medlemmer og andre bidragsytarar, her kjem informasjon om kva som skjer i regi av Wikimedia Noreg dei nærmaste vekene og månadane.

Wikimedia Noreg
Wikimedia Noreg
Wiki Loves Monuments: foto- og skrivekonkurranse
I september arrangerer vi den årlege internasjonale fotokonkurranse om kulturminne, Wiki Loves Monuments. Det er òg ei 2 veker lang skrivekonkurranse på Wikipedia om kulturminne.
Wikitreff på Litteraturhuset, 4. september
Til dette wikitreffet er Anine Kierulf invitert til å snakka om Wikipedia og Grunnloven – om paragraf 100. «Wikipedia er det suverent største og mest nytta leksikonet i Noreg, samstundes har det store manglar. Med paragraf 100 i Grunnloven (Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.), er dette ei utfordring for styresmaktene? Wikitreffet er gratis og ope for alle! Påmelding på wiki eller på Facebook-hending.
Wikistipend, søknadsfrist 15. september
Alle bidragsytarar til dei ulike Wikimedia-prosjekta kan søkja om wikistipend. Maks søkesum er kr 8 000. Stipendet skal bli nytta til å gjennomføra aktivitetar som stør opp om eitt eller fleire av Wikimedia-prosjekta.
Forskningsdagane, 26. september
Under årets utgåve av Forskningsdagane vil vi ta tak i kva vi kan gjera for at bidraga til kvinner i kunst og kultur skal få like stor plass i offentlegheita som bidraga til menn. Vi inviterer organisasjonar og personer som har jobba med temaet til å fortelja om kvifor det er viktig å ta tak i dette arbeidet, til å dela dei gode metodane og ikkje minst ispirera til handling. Sjå Facebook-hendinga.
#wikinobel, 27. september
Denne dagen vert det eit #wikinobel-arrangement på Nobels fredssenter. Meir info kjem på wikimedia.no.
Workshop: Wikidata, 10. november
Ny workshop om Wikidata! Det vert merch frå Wikimedia Deutschland for å feira at Wikidata er 6 år. Kom gjerne med ønske om tema på påmeldingssida.

Det er mange store runde tal denne hausten. Wikipedia på bokmål og riksmål nærmar seg 500 000 artiklar, Wikidata passerer snart 50 millionar innhaldssider og Wikidata-prosjektet fyllar 6 år. Gratulerer! Ta gjerne kontakt med oss om du har idear om korleis vi kan feira dette!

Har du gløymt å betala medlemsavgift for 2018? Då kan du registrera deg som framleis medlem på denne sida.

Følg oss gjerne på Facebook, Instagram og Twitter!

Dette nyhendebrevet vert posta av ein bot. Gje tilbakemelding • Abonner eller avslutt abonnement