Wikimedia Noreg/Brukarundersøking 2016

This page is a translated version of the page Wikimedia Norge/Brukerundersøkelse 2016 and the translation is 100% complete.

Om undersøkinga

Wikimedia Noreg si spørjeundersøking blei heldt for å finne ut meir om brukarbasen vår, både når det gjeld medlemmer og andre Wikimedia-brukarar i Noreg. Undersøkinga blei primært spreidd via CentralNotice på alle prosjekt på bokmål og nynorsk og CentralNotice på alle prosjekt på engelsk for brukarar i Noreg, men òg via epost til alle medlemmer av Wikimedia Noreg og på Facebook-sidene til Wikipedia på bokmål og riksmål, Wikipedia på nordsamisk og Wikimedia Noreg. Undersøkinga var aktiv frå 8. november til 6. desember 2016, og det var totalt 121 brukarar som deltok.

Spørsmål og svar

1. Kva for setningar stemmer for deg?

Ein kunne velje meir enn eitt svaralternativ.
Svar Tal svar Prosent
Eg er medlem i foreninga Wikimedia Noreg 37 30,58 %
Eg er aktiv bidragsytar på Wikipedia eller andre Wikimedia-prosjekt 91 75,21 %
Ingen av dei 19 15,7 %
Totalt 121 100 %

2. Har du hørt om Wikimedia Noreg før denne undersøkinga?

Svar Tal svar Prosent
Ja 91 75,83 %
Nei 22 18,33 %
Usikker 7 5,83 %
Totalt 120 100 %

3. Kor lenge har du vore medlem i Wikimedia Noreg?

Dette spørsmålet blei berre vist til dei som svarte at dei var medlem i spørsmål 1.
Svar Tal svar Prosent
Mindre enn eitt år 5 13,89 %
1–5 år 10 27,78 %
Meir enn fem år 19 52,78 %
Usikker 2 5,56 %
Totalt 36 100 %

4. Kor lenge har du vore bidragsytar på Wikipedia og/eller andre Wikimedia-prosjekt?

Dette spørsmålet blei berre vist til dei som svarte at dei var bidragsytar i spørsmål 1.
Svar Tal svar Prosent
Mindre enn eitt år 5 5,75 %
1–5 år 18 20,69 %
5–10 år 31 35,63 %
Meir enn ti år 32 36,78 %
Usikker 1 1,15 %
Totalt 87 100 %

5. Kva motiverer deg til å bidra på Wikimedias prosjekt?

Dette spørsmålet blei berre vist til dei som svarte at dei var bidragsytar i spørsmål 1.
Svar Tal svar Prosent
A: Eg vil dele min kunnskap med andre 55 63,22 %
B: Eg likar å skape ting saman med andre 33 37,93 %
C: Eg synast wiki-prosjekta er viktige dugnadsprosjekt som eg ønsker å bidra til 64 73,56 %
D: Å bidra motiverer meg til å lære nye ting 49 56,32 %
Anna 9 10,34 %
Totalt 87 100 %
Andre svar (oppsummert)
  • Det er gøy.
  • Eg nyttar Wikipedia, så eg vil gi tilbake.
  • Eg likar leksikon.
  • Eg likar å korrekturlese.
  • Eg vil motarbeide anglifisering.

6. Følar du deg informert om kva Wikimedia Noreg jobbar med?

Svar Tal svar Prosent
Ja 56 47,86 %
Nei 61 52,14 %
Totalt 117 100 %

7. Korleis føretrekker du å få informasjon om kva Wikimedia Noreg gjer?

Dette spørsmålet blei berre vist til dei som svarte nei på spørsmål 6. Spørsmålet tillot fleire svaralternativ.
Svar Tal svar Prosent
A: E-post 12 21,82 %
B: Facebook 2 3,64 %
C: Nyhendebrev på brukardiskusjonen min 13 23,64 %
D: Twitter 1 1,82 %
Anna 8 14,55 %
Eg ønsker ikkje å få noko informasjon 19 34,55 %
Totalt 55 100 %
Andre svar (oppsummert)
  • Oppslag på Torget/Tinget/Notiser.
  • Blogg.

8. Kva for aktivitetar vil du vere mest interessert i?

Dette var eit fleirvalsspørsmål; ein kunne velje meir enn eitt svaralternativ.
Svar Tal svar Prosent
A: Arrangement i den røynlege verda 50 58,14 %
B: Online-arrangement av typen Wiki Loves Monuments 30 34,88 %
C: Andre online-arrangement (ikkje konkurransar) 32 37,21 %
D: Avanserte kurs 37 43,02 %
Anna 7 8,14 %
Totalt 86 100 %

9. Har du delteke på wikiarrangement før?

Svar Tal svar Prosent
Ja, fleire gonger 35 33,02 %
Ja, éin gong 10 9,43 %
Nei, men eg kunne tenke meg det 19 17,92 %
Nei 42 39,62 %
Totalt 106 100 %

10. Kunne du sjølv tenke deg å vere med på å arrangere wikiarrangement med støtte frå Wikimedia Noreg?

Svar Tal svar Prosent
Ja 37 35,92 %
Nei 66 64,08 %
Totalt 103 100 %

11. I så fall, kva slags arrangement ønsker du å bidra til?

Dette spørsmålet blei kun vist til dei som svarte ja på spørsmål 10. Spørsmålet tillot fleire svaralternativ.
Svar Tal svar Prosent
A: Sosiale treff 25 75,76 %
B: Skriveverkstadar 22 66,67 %
C: Kurs for nybegynnarar 15 45,45 %
Anna 1 3,03 %
Totalt 33 100 %
Andre svar (oppsummert)
  • Produsere videoar.

12. Andre kommentarar

Vi fekk 14 svar på det åpne feltet «andre kommentarar». Nokre av dei, i oppsummert versjon, gjengis her:

  • Utfordringa for WMNO er å involvere medlemmar som ikkje sitt i styret.
  • Wikimedia Noreg har for mykje fokus på Wikipedia på bokmål, på bekostning av nynorsk og nordsamisk og dei andre Wikimedia-prosjekta. Innsatsen bør rettast utover mot eksterne instansar som kan fjerne flaskehalsar.
  • Lag ei betre spørreundersøking.
  • Eg ønsker å vite mer om Wikimedia Noreg og kva dei gjer, det er ikkje opplagt frå nettsida. Ønsker òg informasjon om korleis eg kan bidra, det var ingen informasjon om det på nettsida.

13. Kva for prosjekt er du aktiv på?

Dette spørsmålet blei berre vist til dei som svarte at dei var bidragsytar i spørsmål 1. Spørsmålet tillot fleire svaralternativ.
Svar Tal svar Prosent
WP: Wikipedia 80 98,77 %
C: Wikimedia Commons 53 65,43 %
WD: Wikidata 31 38,27 %
WB: Wikibøker 1 1,23 %
WK: Wikikilden 6 7,41 %
Andre 9 11,11 %
Totalt 81 100 %
Andre svar (oppsummert)
  • Wiktionary (×3)
  • Wikivoyage (×3)
  • Meta (×3)
  • OpenStreetMap
  • Wikispecies
  • WikiStrinda
  • Incubator
  • Translatewiki
  • Wikiversity

14. Kva for språk bidrar du mest på?

Dette spørsmålet blei kun vist til dei som svarte at dei var bidragsytar i spørsmål 1. Spørsmålet tillot fleire svaralternativ.
Svar Tal svar Prosent
nb: Bokmål 64 80 %
nn: Nynorsk 12 15 %
se: Nordsamisk 0 0 %
en: Engelsk 37 46,25 %
Andre 8 10 %
Totalt 80 100 %
Andre svar (oppsummert)
  • Svensk (×4)
  • Tysk (×3)
  • Dansk
  • Fransk

15. Kor bur du?

 

     10+      5–9      1–5

Svar Tal svar Prosent
Akershus 14 13,59 %
Aust-Agder 0 0 %
Buskerud 2 1,94 %
Finnmark 0 0 %
Hedmark 0 0 %
Hordaland 8 7,77 %
Møre og Romsdal 1 0,97 %
Nordland 1 0,97 %
Nord-Trøndelag 1 0,97 %
Oppland 1 0,97 %
Oslo 19 18,45 %
Rogaland 0 0 %
Sogn og Fjordane 1 0,97 %
Svalbard 0 0 %
Sør-Trøndelag 12 11,65 %
Telemark 1 0,97 %
Troms 3 2,91 %
Vest-Agder 4 3,88 %
Vestfold 7 6,8 %
Østfold 0 0 %
Utlandet (Europa) 6 5,83 %
Utlandet (utanfor Europa) 4 3,88 %
Føretrekker å ikkje svare 18 17,48 %
Totalt 103 100 %

16. Kor gamal er du?

Svar Tal svar Prosent
Under 20 6 6 %
21–30 16 16 %
31–40 30 30 %
41–50 18 18 %
51–60 14 14 %
Over 60 16 16 %
Totalt 100 100 %

17. Kva for eit kjønn er du?

Svar Tal svar Prosent
Mann 84 84,85 %
Kvinne 11 11,11 %
Anna 0 0 %
Føretrekker å ikkje svare 4 4,04 %
Totalt 99 100 %