Wikimedia Norge/Newsletter/2022-02/nn

This page is a translated version of the page Wikimedia Norge/Newsletter/2022-02 and the translation is 100% complete.


Hei, her kjem siste nytt frå Wikimedia Noreg!

Wikimedia Noreg
Wikimedia Noreg
Flest besøk på Wikipedia på engelsk
Tala for besøk på nettleksikon i Noreg i 2021 vart nyleg delt på Torget. Ikkje overraskande er det Wikipedia som er mest besøkt. Den engelskspråklege versjonen ligg noko over Wikipedia på bokmål+nynorsk, med høvesvis 348 millionar og 325 millionar besøk. Til samanlikning har neste på lista, Store Norske Leksikon, 112 millionar sidevisningar. Talen til tala er klar: Wikipedia er staden folk flest går til når dei skal finna ut av noko.
Det er òg nok ei påminning om at innsatsen de aktive wikipedianarane gjer er utruleg viktig. Vi håper desse tala er motiverande for både erfarne og nye bidragsytarar.
Takk til H@r@ld som delte denne informasjonen med oss.
Botkøyringsworkshop
Søndag 27. februar kl. 12.00–16.00 inviterer vi til botkøyringsworkshop! Der skal vi gå gjennom korleis ein set opp og køyrer det vanlegaste botrammeverket, Pywikibot, på PAWS, med gjennomgang av nokon av dei vanlegaste standardskripta i Pywikibot.
Maks ti deltakarar! Meld deg på på wikitreffsida eller via e-post til jhsoby@wikimedia.no.
Skeivt kulturår
panelsamtale i Bergen
Torsdag 24. mars inviterer Wikimedia Noreg og Skeivt arkiv til ein panelsamtale på Litteraturhuset i Bergen. Temaet for samtalen er korleis arkiv, museum og Wikipedia kan synleggjere og formidle skeiv historie, kunst og kultur. I panelsamtalen undersøker vi korleis vi nyttar notidas merkelappar på fortida. Ein felles forståing av kva skeiv historie er, vil bidrege til at vi saman, i arkiv- og kunstsamlinger og på Wikipedia, kan synleggjere skeiv historie.
Arrangementet er ein del av markeringa av Skeivt kulturår 2022.
Wikitreff og årsmøte i Bergen
Wikimedia Noreg inviterer på pizza og eit glas på Villa Paradiso Ole Bull 25. mars kl. 18.30. Påmelding på wikitreffsida eller på e-post til wikimedia@wikimedia.no.
Dagen etter, 26. mars frå 12–14 inviterer vi til årsmøte i Wikimedia Noreg. Det skjer på Litteraturhuset i Bergen. Alle medlemmar er hjarteleg velkomne. Det vil bli tilrettelagt for strøyming av årsmøtet, og mogleik for å røyste digitalt.
Aktive bidragsytarar kan få reisestønad. Send ein e-post til astrid@wikimedia.no for å be om reisestønad.
Hugs kontingent før årsmøtet!
Endeleg kan du bruke Vipps til å etablere fast årleg betaling av medlemskap! Vi har oppdatert heimesida, og håper enda fleire vil bruke fast betaling. Viss du vil bruke avtalegiro er det fortsatt mogleg.
Hugs at du må ha betalt kontingenten for 2022 for å ha røysterett ved årsmøtet.

Dette nyhendebrevet vert posta av ein bot. Gje tilbakemelding • Abonner eller avslutt abonnement